
Fem stjerner handlar om barnesoldatane Aisha og Cali, som rømmer frå ein leir utanfor Mogadishu. Saman med tre andre forsøker dei å rømme gjennom Etiopia, Libya og over Middelhavet til Europa. Vi møter forfattaren til samtale om romanen.
Arrangementet skjer i samarbeid med Høstscena, og er del av serien «Avmakt», der vi spør kva som skjer med menneska som møter vansker og kriser som kjennest uoverkommelege, og korleis dette er ei sentral drivkraft i litteraturen.
Stad: Arbeideren kulturhus, 28. september 2017
Tid: TBA
Inngang: 50,- (medlem i Ålesund litterære salong), 80,- (ikke medlem)